Søndagstur til Hullberget 20 juli 26

Publisert av Kurt Ove Husby den 21.07.26.

Forfatter  : Harald Jære

Ein meir avsides plass skal ein leite lenge etter

Historisk vandring i Holberget, der mangt av det gamle frå sjølbergingstida er teke vare på.

Her er folk samla i tunet og får utgreiing av planen for dagen av historielagets Ivar Horvli, som står lengst til høgre. Sidan gjekk det slag i slag med omvisning både ute og inne.

Her er folk samla i tunet og får utgreiing av planen for dagen av historielagets Ivar Horvli, som står lengst til høgre. Sidan gjekk det slag i slag med omvisning både ute og inne.

Sundag arrangerte Oppdal historielag ein historisk dag, på ein heilt spesiell, og historisk grunn. Over eit tjuetals interesserte møtte opp på den gamle garden Holberget - til dagleg sagt borti «HäLe».

Ein meir avsides og spesiell plass enn denne gamle garden skal ein leite lenge etter! Alt var på stell - sola skein, og ute på troppa sto vertsfolket og tok i mot oss. Det vart servert kaffe, og feit raffelkaku med rømme og syltetøy attåt.

Ivar Horvli frå historielaget heldt først ei kort utgreiing om det som skulle gå føre seg utover dagen. Og sjølvsagt stilte den tidlegare eigaren av Holberget, Sivert Liabø, opp som omvisar. Han veit alt om garden og alt det gamle som finst der, Det er takka vere Sivert at dette unike gardsmuseet har kome i stand.

Det heilt spesielle er at mangt av det gamle frå sjølbergingstida er teke vare på der. Spesielt på ein avsides gard som Holberget, måtte ein vere sjølvhjulpen med alt. Her er det er teke vare på - heller på tusenvis, enn hundrevis av større og mindre ting. På buret står ei kiste med karveskurd, kanskje heilt attende frå 1600-talet da garden vart rydda.

Her er utstyr til jakt og fangst. Den store saksa som heng midt på bildet vart bruka til ulvefangst!

Her er utstyr til jakt og fangst. Den store saksa som heng midt på bildet vart bruka til ulvefangst!

På loftet er det eit unikt gardsmuseum som viser oss  kva som trongst for å vere sjølhjelpne. Utstyr til jakt og fiske, kinning og ysting, utstyr til hausting av gras og korn, skomakar og snikkarverktyg, og hundrevis av mindre ting som trongst i hushaldet.

På museumsloftet må det vere bortimot tusen ymse ting samla. På bildet ser ein alt som måtte til for å laga nye, eller reparere sko

På museumsloftet må det vere bortimot tusen ymse ting samla. På bildet ser ein alt som måtte til for å laga nye, eller reparere sko

Denne store samlinga seier oss at respekten for det som har vore før er stor. Generasjonane attover i tid, har hatt respekt for forfedranes levemåte. Ting vart ikkje kasta - sjølv om nye hjelpemedel avløyste det gamle.

I det gode været var det fint å sitte ute, slå av ein prat, og nyte utsikten. På motsett side av den tronge Drivadalen ser vi det stupbratte Falkberget der heisen hadde endestasjon like nedanfor riksvegen

Denne artikkelen vart først publisert i Opp avisa 21 juli