Kulturkveld Pilegrimsutvalet Oppdal Historielag

Publisert av Kurt Ove Husby den 29.07.26.

Kulturkveld i OMM den 17. juni 2026

Tema Slekt og samfunn

-arrangement i samarbeid mellom Pilegrimsutvalet i Oppdal og Oppdal Historielag

Tema for kulturkvelden «Slekt og samfunn» som og er årets tema for jubileumsstafetten «Norge i 1000 år» som del mot Nasjonaljubileet 2030.

Ivar Lauritzen hadde hovudforedraget med tittel: «Historien gjentar seg?». Det vart her trekt ei linje frå 100 år attende i tid og fram til i dag om framandfrykt, fordommar og fordømming. Den gongen kom mange arbeidsfolk eller «rallare» til bygda i samband med bygging av Dovrebanen i åra 1919-1921, i dag med innvandring av flyktningar frå andre land og kulturar.

Ivar Horvli gav nokre glimt om kva slekta i Oppdal hadde hatt å seie for hans identitet og knytting til oppdalsbygda. Han inviterte vidare til innspel frå salen, og fekk gode innlegg frå mellom andre Andreas Stamnes og Tore Fagerhaug om den inspirasjonen dei hadde fått gjennom musikktradisjon frå sine slekter.

Det er no fire år fram til den storstilte markeringa av Olav den Heilage etter slaget på Stiklestad i 1030, og dette er bakgrunnen for Nasjonalprosjektet 2030 – Norge i 1000 år med årlege tema fram til feiringa i 2030. Ivar Horvli orienterte kort om dette og synte ein informasjonsfilm om prosjektet.

Familien Stamnes med far Ole Hjalmar, mor Åslaug og søner Andreas og Håkon gav gode og friske musikkinnslag saman med Gunvor Fagerhaug som framførte to tradisjonelle folkeviser i tillegg til ein song frå nyare tid vakkert framført i lag med Ole Hjalmar Stamnes. Elles var det lagt inn ein god pause med servering og sosialt samver der praten summa godt kring borda. Oppmøtet var og godt med om lag 50 som hadde funne vegen denne kvelden.